English version here:

Ingen har vel unngått å få med seg dei norske triumfane i Tour de France med Thor Hushovd og Edvald Boasson Hagen, men alle er ikkje klar over at den kanadiske syklisten Ryder Hesjedal også er mykje norsk.

Kvifor skrive om det her, spør du kanskje? Men det har seg slik – som vi har vore inn på før – at Ryder Hesjedal er av “vårres folk”. Oldemora hans var dotterdotter til Hans Petter Olsen Lillejord. Ho heitte Hanna Ingebrigtsdtr. og utvandra frå Beiarn tidleg på 1900-talet og kom til slektningar i Minnesota. Der møtte ho Mons Hesjedal frå Stamnes litt nord for Bergen, og dei gifta seg i 1908 og flytta seinare til Saskatchevan i Canada der dei fekk sju ungar. Blant dei var Reuben f. 1919 som i 1950 fekk ein son med namnet Leonhard. Han er faren til Eric Ryder, f. 1980, som no herjar i Tour de France saman med “landsmennene” Hushovd og Boasson Hagen.

Vi har hatt meir enn 20 søk etter “Ryder Hesjedal Norway” på nettstaden vår dei siste dagane, så vi fann å ville informere om tilknytinga til Lillejord-slekta.