Denne nettstaden er først og fremst etablert for å få kontakt med slektningar i Kanada og USA og bringe informasjon til dei om det planlagte slektstreffet for Lillejord-slekta i Beiarn 26. og 27. juni 2010. Resultatet er etter fire månaders drift at vi har fått mange nye kontaktar og mykje ny informasjon om Lillejord-folket i Amerika, og meir vil kome.

Vi forstår også godt at mykje av det som blir lagt ut på denne sida, interesserer slekta i Norge, og sikkert mange utanfor denne kretsen. Ikkje minst etter at vi la ut eit førebels slektstre, har vi merka ein sterk vekst i besøkstallet – som truleg ikkje berre kan forklarast med interesserte amerikanarar.

Mange nordmenn kan tilstrekkeleg engelsk til å kunne få med seg informasjonen på desse sidene. Men det finst somme som treng å få teksten omsett til norsk. Det er mykje arbeid å lage ein parallell versjon på norsk, men det finst hjelpemiddel som kan gjere teksten leseleg for dei som ikkje meistrar engelsk.

På Internett finst det fleire tolkar som kan  oversette frå eitt til eit anna språk. Google Oversetter er ei slik teneste. Kopier denne web-adressa:  https://lillejord.wordpress.com/ i tekstfeltet og trykk på Oversett. Pass på at funksjonen er innstilt på omsetjing frå engelsk til norsk.

Resultatet blir ikkje perfekt, og somme ord vil framleis vere på engelsk, men innhaldet i teksten blir likevel forståeleg.

Lykke til.

Informasjon om slektstreffet på norsk vil bli gitt på mange måtar. I påskenummeret av Menighetsbladet er det ein artikkel, og det vil kome meir i lokalaviser og på andre måtar. Er du etterkommar av Hans og Målfrid og har lyst å vere med, eller få meir informasjon? Ta kontakt med oss.